Arbeider for auka robustheit

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Arbeider for auka robustheit i Nødnett

Nødnett skal vere sikkert og robust i heile landet. Det er rettesnora Direktoratet for nødkommunikasjon arbeider utifrå. Stortinget har lagt til grunn at Nødnett gjer seg nytte av eksisterande infrastruktur, men det er også bygd inn ekstra tryggleik i nettet.
  • Sjef for Strategi- og analysestaben i DNK, Nina Myren. Foto: DNK

Stormen Dagmar viste likevel at der er meir å hente i høve robustheit.

Godt utgangspunkt

Nødnett er robust i utgangspunktet, med to døger reservestraum på 16 prosent av basestasjonane og 8 timar på dei resterande. Det er bygd inn redundans i Nødnett, her vil det seie at kvar basestasjon får datasignal frå to ulike vegar. Dermed vil ikkje basestasjonar verte råka av at eine linja vert broten.  TETRA-teknologien gjer dessutan at éin basestasjon kan verke åleine, og at radioterminalane kan brukast som rein walkietalkie utan å vere tilknytt ein basestasjon.
Dagmar viste som sagt at robustheita i Nødnett kan setjast på prøve, og erfaringane frå stromen tilseier at enkelte basestasjonar på Vestlandet ville vore utan straum dersom nettet var bygd ut der.

 
Pilotar i haust
 

Sjef for Strategi- og analysestaben i DNK, Nina Myren, seier at det ikkje er analysert i kor stor grad dette ville påverka dekninga i dei råka områda på Vestlandet, men at DNK mellom anna har sett ned ei arbeidsgruppa som skal foreslå tiltak for å auke reservestraumen i Nødnett. Det skal resultere i ei tilråding innan utgangen av 2012. I haust skal ein vurdere  ulike tekniske løysingar, i tillegg til skaffe til vegs ei oversikt over kostnadane ved dei ulike tiltaka.
Parallelt samarbeider DNK med kommersielle aktørar og andre statlege organ for å finne saman om løysingar som skal gi meir robuste kommunikasjonsnett i Noreg.
  - Tidspunktet for implementering av nye tiltak vil ikkje vere klar før tilrådinga ligg føre. Arbeidet med auka robustheit skal i alle høve ikkje påverke den vidare utrullinga av Nødnett, som skal vere bygd ut i løpet av 2015, seier Myren.