Bidreg til eigen og andre sin tryggleik med Nødnett

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Bidreg til eigen og andre sin tryggleik med Nødnett

Norges Cykleforbund brukte for fyrste gang Nødnett under årets Tour of Norway, noko som var med på å auke tryggleiken under sykkelrittet.
  • Info MC i full vigør under årets Tour of Norway. Foto: Roy Tangnes

  • Nødnett-terminal i bruk under Tour of Norway. Foto: Ronny Ledang/Wireless

Tour of Norway er eit fem dagars etapperitt som går frå Drammen til Sarpsborg, via blant anna Kragerø, Geilo, Flå og Drøbak. Sykkelrittet blei arrangert i mai med 21 profflag og gjekk over totalt 889 km. Rittet fylgjer same konsept som Tour de France. 

 

Internasjonalt sykkelritt

Eit stort internasjonalt sykkelritt som Tour of Norway er avhengig av at vegen blir rydda for at syklistane og den store kortesja av fylgjebilar og motorsyklar skal kunne passere. Dette må skje på ein måte som tek omsyn til både ryttarar, sjåførar, samt harde og mjuke trafikantar sin tryggleik. Mange vegar blir difor stengt under rittet. 


– I arbeidet med å få dette til på ein trygg måte, blei bruk av Nødnett for fyrste gang eit viktig verkty. Politidirektoratet har bedt om at dei som arrangerer sykkelritt kan få tilgang til Nødnett. Tidlegare måtte arrangørar analysere kor det var dekning på førehand. No er dette mykje enklare ettersom Nødnett er landsdekkande. Erfaringa denne gang, var at arrangørane kunne fortelje om saumlaus dekning heile vegen, forklarar avdelingsdirektør Jostein Hesthammer i Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK).

 

Utgjer stor skilnad

Jon Olav Ødegaard har lang erfaring med ein rekkje ulike arbeidsoppgåver for å sikre tryggleiken under sykkelritt. Totalt har han 50 sykkelrittdagar i året, i tillegg er han radioentusiast og oppteken av samband og kommunikasjon. Under årets Tour of Norway var han info MC. Det vil sei at han arbeidar frå motorsykkelen med fire ulike radioterminalar. Slik kan han kommunisere både med frivillige, rittleiinga og naudetater som politi og ambulanse.


– Nødnett er tingen. Eg blei svært glad når vårt arrangement fekk lov til å bruke dette. For oss som jobbar med sykkelritt har dette gjort stor skilnad, det er med på auke både eigen og andre sin tryggleik. Det betyr mykje for oss som køyrer motorsykkel at vi når kvarandre med klare og tydelege beskjedar til riktig tidspunkt. Det er lett, enkelt og brukarvenleg, seier Ødegaard.

 

Forenklar arbeidet

Den lange løypa skapte tidlegare også utfordringar med å kommunisere posisjonane til syklistane undervegs i rittet. Blant anna kunne store fjell skape problem med dekninga, og dei var avhengig av å transportere rundt ein repeatar som kunne vidaresende signal , noko som var svært tungvint. Med Nødnett er det dekning heile vegen langs den nesten 900 kilometer lange løypa. 


–Vi mista mykje informasjon undervegs, ofte måtte eg ta telefonen i bruk for å få gitt viktige beskjedar. Nødnett forenklar dette arbeidet, og gjer det mogleg å kommunisere med både politi og vaktstyrke. Radioterminalane er lette og brukarvenlege for oss som har liten plass tilgjengeleg på ein motorsykkel. Det einaste eg kunne ynskje meg er meir brukarvenleg garnityr til motorsykkelhjelmen, men dette er eg allereie i dialog med leverandøren om, fortel Ødegaard. 

 

Interessant utfordring i vente

I forkant av Tour of Norway har DNK analysert og utvikla ein reindyrka talegruppestruktur for sykkelritt ut i frå dei behova dei har. Neste år kjem eit av verdas største idrettsarrangement, nemleg sykkel-VM, til Noreg. Dette skal avviklast i Bergen og omland.


– Det vil setje oss på ei interessant utfordring. Då blir det andre behov enn i vanlege sykkelritt, og det er fleire arrangement som skal syast saman. Det er viktig for oss som nasjon å ha god naudkommunikasjon under dette arrangementet som fangar verda si interesse. Vi har allereie blitt kontakta av naudetatane som vil samarbeide om planlegging av arrangementet, seier Hesthammer.