Blålys-data på agendaen

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Blålys-data på agendaen

Førre veke sette Direktoratet for nødkommunikasjon datatrafikk på agendaen. Denne veka er DNK vertskap for ei samling som kan ha mykje å seie for framtidas nødkommunikasjon.
  • Avdelingsdirektør Cecile B. Løken forklarer utgangspunkt til DNK i debatten om data til beredskapsbruk. Førre veke var det ope seminar om temaet. Foto: Sverre Steen

  • Frå ope seminar om data til beredskapsbruk. Foto: Sverre Steen

  • Denne veka var DNK vertskap for møte i CEPT FM PT49, som arbeider med harmonisering av radiofrekvensar til mobilt breiband innan nødkommunikasjon. Foto: Helena Sæter

Korleis skal dei europeiske nød- og beredskapsorganisasjonane få til felles frekvensar og løysingar for neste generasjon nødnett? Det freistar mellom anna CEPT å finne svar på. Denne veka er arbeidsgruppa CEPT FM PT49 i Noreg, der dei ser på korleis Europa kan få sett av eit harmonisert frekvensband til breibandskommunikasjon for nød- og beredskapsetatar. 700 MHz-bandet er ein av dei mest aktuelle kandidatane til dette føremålet.

 

Ettertrakta frekvensar på menyen

Radiofrekvensar er ein naturressurs. Sjølv om du ikkje kan sjå dei, kan frekvensane bety mykje for botnlinja til mobilleverandørane eller utgjere eit viktig føremon for beredskapsbrukarane i ein krisesituasjon. Nokre frekvensar er veldig ettertrakta, noko som må seiast å vere tilfellet for 700 Mhz-bandet, som fram til 2021 vert brukt til kringkasting av tv-signal i Europa.

Dette bandet er peikt ut som ei løysing for blålys-data i framtida. For at det skal la seg gjere må dette bli handsama på World Radiocommunication Conference i 2015 og deretter tildelast i kvart land. EU har gitt CEPT i mandat å førebu avgjerdsunderlag til konferansen og det er difor arbeidsgruppa er samla i Nydalen denne veka.

– Kriminalitet kjenner ingen grenser, og difor er grenseoverskridande kommunikasjon så viktig. Nødkommunikasjon utgjer ein veldig liten del av mobilmarknaden, så det er viktig at Europa samlast om frekvensar og teknologi. Det vil både gi auka utstyrstilgang og moglegheiter for kommunikasjon på tvers av landegrenser, seier sjefsingeniør Jan Helseth i DNK, som saman med Post- og teletilsynet representerer Noreg i CEPT FM PT49.

 

Ope seminar for å opne diskusjonen

Sist veke opna DNK for debatt omkring datatrafikk innan nødkommunikasjon, då direktoratet arrangerte eit ope seminar. Kommunikasjonsdirektør Cecilie B. Løken snakka om DNK sitt utgangspunkt for denne viktige diskusjonen.

– Samfunnskritisk kommunikasjon krev sikker, hurtig og tydeleg kommunikasjon, nok kapasitet og tilgjengelege nett. Kva krav stiller vi? Vi treng standardisert teknologi, klare ansvarsforhold og harmoniserte frekvensar, sa Cecilie B. Løken under seminaret.

Steinar Olsen i Helsedirektorat fortalde om behova i helsetenesten framover. Ifølgje han vil Nødnett kunne vere ein sikker og stabil databerar for mindre datamengder med høge krav til leveranse, medan han ventar at kommersielle mobilnett med høg bandbredde blir hovudberaren informasjonsutveksling i helsetenesten.

På kort sikt og til data-applikasjonar som krev lite kapasitet er det venta at TEDS vil vere ei god løysing. TEDS er ein del av nyaste versjon av TETRA-standarden som brukast i Nødnett.  DNK gjennomfører ein pilot på TEDS leidd av Hans Petter Naper, som fortalte om det arbeidet og løysinga på seminaret.

 

Toget står på perrongen

Kva som skjer på lengre sikt er langt ifrå gitt, men over heile Europa vil truleg dei aktuelle frekvensane fordelast dei kommande åra. Toget har ikkje gått, men det står på perrongen. Det er difor DNK er med på arbeidet med framtidas løysingar for sikker overføring av høghastigheitsdata til mobile einingar. Dette bør baserast på internasjonale standardarar for å unngå ein situasjon kor eit land gjer seg avhengig av ein spesialtilpassa løysing der det berre finst éin kunde og éin leverandør. 

Emmanuelle Villebrun frå det franske innanriksministeriet snakka på seminaret om utfordringane ein slik situasjon medfører.

Jan Helseth er ikkje i tvil:
– For å sikre breidde i leverandørar og produkt til framtidas nødnett er det sentralt at Noreg bidrar til harmonisering av frekvensbruken og til standardisering av teknologien saman med andre land i Europa, seier han.