-Ikkje lenger blanke ark

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

- Ikkje lenger blanke ark

Bruk av Nødnett har medført ein forbetring i korleis ein handterer kriser og ulukker, det har Hovedredningssentralen i Sør-Noreg fått erfare i fleire tilfelle.

– Vi har eit fugleperspektiv på Nødnettbruken, og ser dette frå mange brukarar sin ståstad. Om nokre få år vil vi sjå oss tilbake og lure på korleis vi klarte oss utan Nødnett, seier avdelingsdirektør Jarle D. Øversveen i HRS Sør-Norge. 


HRS har det overordna koordineringsansvaret for redningstenesta i Noreg. Øversveen beskriv Nødnett som det største teknologiske lyftet for å fremme samverke innan redningstenesta på mange år.


– Vi ser at varsling og utalarmering går mykje raskare enn tidlegare, og det blir mogleg å få til ei rask og samordna informasjonsutveksling mellom dei mange aktørane som ofte er involvert i ei kritisk hending, seier Øversveen. Vi reknar med at vi i framtida, gjennom øving på bruken, saman med ny teknologi, vil sjå enno fleire fordelar enn det vi gjer i dag, slår Øversveen fast. 

 

Felles situasjonsbilete

– Mange brukarar av Nødnett er primært opptekne av eigne behov. HRS har ansvar for å sjå alle ressursane og bruke desse best mogleg i ei kvar hending, difor er deira perspektiv interessant. HRS ser kor verdifull  informasjonen som går i Nødnett er for å  skape eit felles situasjonsbilete, meiner Nina Myren, avdelingsdirektør i Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK). 

 

Ikkje lenger blanke ark 

Etter at Nødnett blei teke i bruk, ser HRS ei endring i korleis betre informasjon fører til betre handtering av kriser og ulykker. Allereie når dei frivillige blir varsla, kan dei byrje å førebu seg. 


– Våre frivillige kjem ikkje lenger til skadestaden med blanke ark. Dette gjer at dei kjem i innsats før, dei treng ikkje å vente på å gå i gang. Informasjonen flyt godt via sambandet, slik at opplysningar kan komplimenterast og korrigerast, seier Øversveen.

 

Mange som deltek i kriser på vegne av frivillige organisasjonar brenn for arbeidet der og brukar store delar av fritida si på dette. 


– For dei som kjem så tett på ulukker og ulike hendingar, er det viktig å sjå at sitt bidrag kan få noko å seie for utfallet. Dei kjenner seg dermed sett, og at dei har ei viktig rolle. Alle som deltek i ei hending kommuniserer via sambandet. Dette er med på å effektivisere redningstenesta, meiner Øversveen.

 

Opplæring er ferskvare

– Nødnett krev disiplin og  øving saman med riktig bruk av sambandsreglementet, påpeikar Øversveen.  

 

Prinsippa for redningstenesta blir ikkje endra av Nødnett – men Nødnett er eit verkty for å fremme effekten av prinsippa.  
–Vi veit aldri kva den neste store hendinga blir, men ved hjelp av Nødnett og god opplæring trur vi at vi er godt førebudd, seier Øversveen. 

 

For Nina Myren er nettopp opplæring eit viktig stikkord for å auke meirverdien av Nødnett.


– Opplæring er ferskvare. Difor er det viktig å heile tida vedlikehalde og øve på Nødnett-kunnskapen. Det kjem heile tida nye aktørar og brukarar inn som treng opplæring og trening. Om ein ikkje fylgjer sambandsreglementet, kan ein øydeleggje for andre og overbelaste kapasiteten. Det er tette koplingar mellom systemet og måten det brukast på.
For å få maksimal effekt må ein ha brukarar som er trygge både på bruk og på sambandsreglementet. Dei må vite korleis dei kan samverke best mogleg saman.


–Når dette er på plass, vil ein få den effekten som HRS opplever, meiner Myren.

 

Øving gjer meister

Det er viktig å lage øvingar som også har som oppgåve å teste Nødnett. Dette krev kompetanse om moglegheitene i nettet og å kunne setje desse inn i ein operativ kontekst. Her bør ein tenkje på fleire faktorar. Til dømes retningslinjer for kven som skal kommunisere saman, og at både dei som skal øve og dei som leiar øvinga tek opp kapasitet i nettet.

 

– Å vere medviten kring effektiv bruk av Nødnett, er det DNK kallar Nødnett-faget. Vi står gjerne til disposisjon viss nokon har spørsmål eller er i tvil før eller etter øvingar. Vi bidreg gjerne i planlegging- og evaluering av Nødnettbruk under øvingar. Ta kontakt med oss, oppmodar Myren.

 

Ny teknologi gjev nye måtar å jobbe på

Det er ingen tvil om at innføringa av Nødnett har gitt nye og meir effektive måtar å samverke på. 

 

– Det er samspelet mellom teknologi og menneske som gjev Nødnett verdi. Ved å gjere brukarane godt rusta kan vi utnytte Nødnettet på best mogleg måte. Som leverandør av kommunikasjonstenester til kompetansesenter innanfor naud- og beredskapsaktørarkommunikasjon må vi både kunne alt om teknologien og forstå behova til dei som skal bruke den, avsluttar Myren.