DNK vertskap for ekspertsamling

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

DNK vertskap for ekspertsamling

Den europeiske gruppa av nødnett-operatørar, Public Safety Radiocommunication Group (PSRG), var nyleg samla i Noreg. 21 land er med i den uformelle ekspertgruppa, som møtast to gongar i året.
  • PSRG besøkte det største kontrollrommet i Noreg – helse sin 113-sentral på Ullevål. Biletet er frå opplæringsrommet ved Ullevål, der prosjektleiaren for Nødnett Helse, Sven Bruun i Helsedirektoratet, viser PSRG-medlemmane korleis helse sitt brukargrensesnitt fungerer. Foto:DNK

 
Sjefingeniør Jan Helseth er Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) sitt faste kontaktpunkt i PSRG, som berre er eitt av fleire internasjonale fora DNK tek del i. Ifølgje Helseth er DNK si deltaking viktig, då det gir DNK moglegheita til å presentere eige prosjekt, påverke teknologiutviklinga og utveksle erfaringar.
 
- Før stortingsvedtaket om utbygging av Nødnett i heile landet har DNK vore tilbakehaldne med å vere vertskap for denne typen samlingar. Når PSRG no møttast i Noreg fekk fleire brukarar og operatørar høve til å vere med på samlinga, seier Helseth. Han legg til at PSRG i stor grad handlar om deling av informasjon mellom operatørar og brukarar, utan at leverandørar er tilstades.
Under samlinga var den norske utbygginga og innføringa av Nødnett eit sjølvsagt tema, saman med samarbeid på tvers av landegrensene. Erfaringar ved overgangen frå analogt til digitalt nødsamband i dei ulike landa er òg eit naturleg punkt under PSRG-samlingane. 

 
Nødkommunikasjon under kriser

Bruken av Tetra i krisesituasjonar har lenge vore på agendaen i PSRG og 22. juli var tema under møtet. Etter 22. juli gjorde kontaktnettet som Helseth har bygd gjennom dei internasjonale fora at DNK raskt fekk svar om andre land sine erfaringar med nødkommunikasjon i krise.
- Ei arbeidsgruppe har over lengre tid sett på bruk av Tetra i krisesituasjonar. Det er eit arbeid som har gått mellom dei halvårlege møta, seier Helseth.
PSRG-arbeidsgruppa har gjort tre klare funn, i høve kva som er viktig:
- Opplæring og repitisjon.
- Fleetmap (korleis talegruppene vert set opp) og sambandsreglement.
- Øving på bruk av Tetra i daglege hendingar og kriser, og på samhandling. 


Opplæring på nett

I Nederland satsar dei stort på e-læring i høve bruken av Tetra. Sietse Hitman frå det nederlandske politidirektoratet leier arbeidet med opplæring i Tetra der. Han er klar på at den største utfordringa har vore at brukarvanene frå den analoge æraen har haldt fram når nødetatene tok i bruk Tetra.
- Etter den initielle opplæringa i Tetra i 2005-06 vart det ikkje heldt ved like. Nokre år seinare såg vi at det var eit stort mistak. Vi hadde nokre større hendingar i 2009 som viste at sluttbrukarane ikkje kunne Tetra, sa Hitman under PSRG.
I Nederland gjer dei seg no nytte av enkle og korte læringssnuttar på ei dedikert nettside. Til dømes forklarer videoen det er lenkja til at nødetatane må slå av heimegruppene i Tetra når dei rykkjer ut til ei storhending ved flyplassen Schiphol, for å unngå kapasitetsproblem.


Om PSRG


Samanslutning av nasjonale nødnett-operatørar i Europa. PSRG tek føre seg felles europeiske problemstillingane frå nettoperatørane si side. Gruppa brukar mykje tid på å forstå situasjonen i dei einskilde landa og slik støtte kvarandre i planlegging, utbygging og drift av landsdekkande nett. Sentrale tema i PSRG er mellom anna grenseoverskridande kommunikasjon, frekvenstildeling og harmonisering over heile Europa, katastrofehandtering og erfaringsdeling frå reelle katastrofesituasjonar. PSRG er leidd av Hans Borgonjen frå det nederlandske politidirektoratet. Han er òg visepresident i The TETRA and Critical Communications Association (TCCA).