Dataoverføring til beredskapsbruk

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Dataoverføring til beredskapsbruk

I år gjennomførast det ein TEDS-pilot i Noreg. I tillegg held arbeidet med å finne tilgjengelege løysingar som kan supplere Nødnett med høgare datakapasitet fram.
  • TEDS-testing.

  • Hans Petter Naper.

Direktoratet for nødkommunikasjon utfører Stortingets bestilling, som er å sørgje for TETRA-nett og tilhøyrande leveransar i heile landet. Samstundes er det forventningar i det offentlege rom om at beredskapsbrukarane må sikrast moglegheita til å overføre data raskare enn det dagens Nødnett leverer.

Pilottesting av TEDS 

I 2013 vil det bli gjennomført ein pilot med TEDS (TETRA Enhanced Data Service). TEDS er ei påbygging i TETRA-standarden som vil gi høgare dataratar gjennom TETRA-nettet.

- TEDS nyttar eigne frekvensar som kun kan nyttast til datatrafikk, og minner om GPRS, seier Hans Petter Naper, som leier arbeidet med TEDS-piloten for DNK.

Han forklarer at TEDS-løysninga som er vald for Nødnett vil gi datahastigheiter på opptil 80 kb/s i kvar retning. I likskap med GPRS, kan mange samtidige brukarar dele ein TEDS kanal mellom seg. Så lenge ikkje brukarane sender samtidig, vil kvar brukar oppleve full hastighet. Dersom dei sender på eksakt same tidspunkt, blir kapasiteten delt likt mellom brukarane.

Nødnettet som er under utbygging er førebudd for TEDS. Når utbyggingen er ferdig, vil omlag ein tredel av basestasjonane kunne få  TEDS-støtte. TEDS-dekninga konsentrerast til tettbygde område og viktige samferdselsårer. Der TEDS ikkje er tilgjengeleg vil datatrafikken handsamast med TETRA-pakkedata som vil vere tilgjengeleg i heile Nødnett.

I bruk frå 2014

Hensikta med TEDS-piloten i Nødnett er å teste ut funksjonaliteten. På denne måten får vi demonstrert teknologien for nødetatane og sikra oss at teknologien fungerer slik kontrakta seier den skal gjere. Dersom piloten er en suksess og etatene bestemmer seg for å ta i bruk TEDS i operativ verksemd, kan dette skje frå neste år.

- TEDS eigner seg for mange typar dataapplikasjonar. Døme på det er posisjonering og sporing, distribusjon av beskjedar, bileteoverføring, rapportsending, og søk på bilnummer og fingeravtrykk, seier Naper. Han legg til at for at ein dataapplikasjon skal bli teken i bruk må applikasjonen som eit minimum fungere godt over TEDS og tilfredsstillande over TETRA-pakkedata.

Internasjonalt tema

TEDS mogleggjer dataoverføring og bruk av ei rekkje applikasjonar for nødetatane, men datakapasiteten er avgrensa samanlikna med kommersielle mobilnett. Difor arbeider DNK, på same vis som i andre land med TETRA-nett, med å finne løysingar som kan gi høgare datakapasitet. DNK er mellom anna med i ulike internasjonale samarbeidsorgan, som ser på teknologiutvikling og breibandsløysingar for nødkommunikasjon. To hovudretninger peiker seg ut: Nødkommunikasjon som foregår med prioritert tilgang i kommersielle LTE-nett, og utbygging av eige lukka LTE-radionett for nødkommunikasjon.

Sverige, som tok i bruk sitt TETRA-nett i 2011, har nyleg starta arbeidet med å sjå kva dei kommersielle aktørane kan tilby av mobilt breiband, som kan tilpassast behova innan nødkommunikasjon.