Drøfta TETRA-funksjonalitet

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Drøfta TETRA-funksjonalitet

Direktoratet for nødkommunikasjon var nyleg vertskap for TETRA-ekspertar for andre gong på kort tid. Denne gongen var brukarar, operatørar og leverandørar samla for å prioritere utviklinga av nye funksjonar innan teknologien.
  • Hannu Aronsson leier arbeidsgruppa for applikasjonsutviklin, Harald Ludwig leier TF, Jan vand der Meij og Kees Verweij er høvesvis leiar og nestleiar i OUA.

  • Medlemmer i TCCA Foto: DNK

Forum for utvikling

TETRA + Crititical Communication Association (TCCA) har fleire fora og undergrupper. To av desse, Technical Forum og Operator User Association (operatørar/brukarar) møtast fire gongar i året kvar for seg for å diskutere ny funksjonalitet i TETRA. I samband med éi av samlingane vert det halde felles møte, der leverandørane freistar finne saman med operatørane og brukarane om kva som skal prioriterast. Det årvisse fellesforumet fann nyleg stad hjå DNK.

Brukarar og operatørar


Operator User Association (OUA) er eit forum for kunnskapsutveksling mellom operatørar og brukarar av TETRA. Dei kjem med innspel til kva som bør oppdaterast av eksisterande funksjonalitet og kva som bør utviklast av funksjonalitet innan TETRA.
Technical Forum (TF) førebur innføringa av ny funksjonalitet, etter at dei saman med OUA definerer marknadsprioriteringane. Dei overvakar også testing og sertifisering av ny funksjonalitet.

Hannu Aronsson leier arbeidsgruppa for applikasjonsutviklin, Harald Ludwig leier TF, Jan vand der Meij og Kees Verweij er høvesvis leiar og nestleiar i OUA.

Må vere realistisk

Harald Ludwig er leiar i TF. Ifølgje han er det ikkje berre enkelt å verte samde om kva som skal prioriterast.
- Brukarane vil ha alt, men det må vere realistisk med tanke på interessa i marknaden, seier Ludwig.
OUA-leiaren Jan van der Meij er òg med i Technical Forum. Han seier at sertifiseringsprosessen i TETRA er unik.
- Når sertifikat ligg føre, så kan du stole på funksjonaliteten, seier van der Meij.

Både han og Ludwig trekk fram ein funksjonalitet som dei svenske og norske TETRA-operatørane har vore med å drive fram: Inter-System Interface (ISI). Det skal gjere det mogleg å nytte norske Nødnett-terminalar i det svenske TETRA-nettet, og vice versa. Etter planen skal det skje i 2015.


Det er flest europeiske medlemmer i TCCA, men til dømes Kina og Sør-Afrika er òg med i medlemsorganisasjonen.