Fyrste nødnettleveranse til Møre og Romsdal

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Fyrste nødnettleveranse til Møre og Romsdal

Utbygginga av Nødnett er i full gang i Møre og Romsdal. Sunnmøre politidistrikt tek no i bruk den fyrste delleveransen frå Nødnettprosjektet. Dette er ei ny kommunikasjonsløysing som skal gje auka og betre beredskap både for publikum og politiet.
  • ICCS: Fyrste leveransen i Nødnettprosjektet er teken i bruk på Sunnmøre. Foto: DNK/Helena Sæter

Den nye kommunikasjonsløysinga, også kalla ICCS, gjer at politiet får ei betre løysing til å handtere kommunikasjon med publikum og politipatruljer som er ute i felten.

 

– For operasjonssentralen er den nye løysinga eit stort framskritt. Dette gjer at det blir enklare for politiet å prioritere både innkomande samtalar og ressursane våre ved hjelp av ein brukarvenleg berøringsskjerm. Den nye kommunikasjonsløysinga har ei rekke nye funksjonar som gjer at operatørane lettare kan kople samen ulike system, noko som ikkje var mogleg tidlegare. Totalt sett vil dette gjere operatørane våre i betre stand til å betene både publikum og eigne patruljer. Slik kan vi gjere ein betre jobb, seier politimeister Jon Steven Hasseldal i Sunnmøre politidistrikt.

 

Den nye løysinga vil utgjere ei viktig modernisering i politiet sin krevjande kvardag i situasjonar der liv og helse ofte står på spel. Men publikum vil ikkje merke endringar når dei ringer naudnummeret 112.

 

– Operasjonssentralen vil merke ei stor forbetring med den nye kommunikasjonsløysinga, i neste rekke håper vi at dette vil gje ei betre teneste for publikum. Alle operatørar har vore på ei vekes kurs for å kunne bruke det nye verktyet best mogleg. Mannskapet vårt har fått auka sin kompetanse, og dette vil gje effekt i det daglege arbeidet til politiet, opplyser Hasseldal.

 

Rullar ut prosjektet på tid

Sunnmøre politidistrikt er det 12. politidistriktet i landet som tek i bruk den nye kommunikasjonsløysinga. Samtlege distrikt har teke i bruk løysinga i henhald til planen.-Denne utbygginga er viktig for Sunnmøre politidistrikt som no får ei betre kommunikasjonsløysing ut mot publikum. Dette er også det fyrste steget i overgangen til eit nytt, betre og meir robust nett som også er avlyttingssikkert, fortel seksjonsleiar Jon Are Pettersen i Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK).

 

I utbyggingsprosessen har DNK samarbeidd tett med representantar for naudetatane i dei ulike politidistrikta i fylket for å sikre best mogleg dekning og funksjonalitet i tråd med lokale behov i eit geografisk utfordrande område. DNK har også vore i dialog med fylkesberedskapssjefen i Møre og Romsdal.

 

– Ved at Sunnmøre politidistrikt tek i bruk den nye kommunikasjonsløysinga så tidleg i prosjektet, bidreg dei til å ta ut ein samfunnsmessig gevinst på eit tidlegare tidspunkt allereie før radionettet er ferdig utbygd. Dette vil også gjere politiet godt førebudd framfor overgangen til nytt Nødnett når det er ferdig utbygd i fylket mot slutten av 2014, seier Pettersen.