HDO etablert

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

HDO etablert som eige helseføretak

Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF er etablert på Gjøvik.
  • Leiargruppa ved HDO. Foto: Sverre Steen

Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO) er eit driftssenter for helsetenesta sin bruk av det Nødnett. Dei fire regionale helseføretaka eig HDO i fellesskap, noko som gjer HDO til det det første i sitt slag i Noreg.

Døgnopen brukarstøtte
38 personar arbeider på HDO, men administrerande direktør Lars Erik Tandsæther seier dei har planar om yttarlegare rekruttering, og dei ser føre seg å hente kompetanse frå Høyskolen i Gjøvik.

Helseføretaket yt driftstenester til brukarane av Nødnett i helsetenesta, og tilbyr døgnopen brukarstøtte, overvaking og feilretting til helsepersonell tilknytt AMK-sentralar, ambulansar, akuttmottak og legevakter som nyttar radioterminalar og kommunikasjonssentralløysinger tilkopla Nødnett.

Nasjonalt ansvar
- Nødnett blir bygd ut i heile landet og vi vil ha eit nasjonalt ansvar for brukarutstyret i helsetenesta. Vi skal bistå brukarane av nettet i både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta uavhengig av kvar i landet det er, seier Tandsæther i ei pressemelding.