Med Nødnett i ryggmargen

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Med Nødnett i ryggmargen

Naudetatene i Skien arrangerte nyleg ei stor beredskapsøving der bruk av Nødnett sto sentralt. Målet var å etablere gode rutinar for Nødnett hos tilsette i brann, helse og politi.
  • Mannskap frå Røde Kors og brannetaten i Skien gjer søk i ei elv, og brukar Nødnett som verkty. Foto: Fredrik Naumann

  • Naudetatane fekk trent seg på samhandling og bruk av Nødnett i samband med ei alvorleg trafikkulukke. Foto: Fredrik Naumann

  • Politi og brannvesen samarbeidar tett under handtering av ei ulukke, ved blant anna bruk av Nødnett. Foto: Fredrik Naumann

Dette var ei fullskalaøving der alle nivå innan beredskapen blei trena både på taktisk, operativt og strategisk nivå. Det var ikkje få aktørar som var i sving i løpet av dei timane øvinga varte. Operative mannskap, patruljerstyrkar, innsatsleiarleddet, operasjonssentralen, politiet sin stab, lokal redningssentral med politimeistaren si rådgjevingsgruppe, brann, helse, Den norske kirke, Statens vegvesen, Telenor, Kystverket og Sivilforsvaret var alle involvert.

 

Realistiske scenario

For dei som deltok sto fleire ulike og realistiske scenario på agendaen. I det eine oppdraget raste eit  hus ut i ei elv som ein fylgje av flaum. Neste utfordring var ei møteulukke mellom buss og personbil med alvorlege personskader. Til slutt skulle naudetatane øve seg på ein simulert lagerbrann med acetylenflasker som måtte uskadeleggjerast.

 

Ferske brukarar

Politiet i Skien tok i bruk Nødnett i oktober i år og er saman med brann ferske brukarar av Nødnett. Oppstart for AMK-sentralen i Vestfold og Telemark har blitt utsett til over nyttår.
 
- I samband med innføring av Nødnett har samtlege av våre mannskap fått opplæring i dette. Difor var det viktig for oss å kunne gjere erfaringar og innarbeide gode rutinar. No fekk mannskapa sjå korleis det fungerer i praksis. I tillegg skulle tre aktørar samarbeide i den felles talegruppa BAPS, (Brann Akuttmedisin Politi Samvirke) samt kommunisere med ein frivillig organisasjon. Det fortel politioverbetjent på felles operativ eining, Helge Mietle,  som også var med i plangruppa til øvinga.

 

Allereie i løpet av dei timane øvinga varte kunne plangruppa registrere framgang.

 

-Det utvikla seg betre og betre utover i øvinga når dei gjekk til ulike scenario. Naudetatane var raske til å få alle inn i dei rette gruppene. Vi seier oss godt nøgde med øvinga. Det er alltid detaljar som vi må ta tak i og jobbe vidare med, men det er dette vi lærer av, seier Mietle.

 

Tidskritisk informasjon

Ole Jørgen Lund er prosjektleiar for SAMPOL i Telemark. Under øvinga var han med på å overvake det som skjedde på nettet.
 
- Det er bra at ei så stor øving kom like etter at vi tok Nødnett i bruk, og at vi fekk testa BAPS ordentleg. Her skal vi formidle tidskritisk informasjon, så det er viktig at alle finn informasjonen i denne gruppa relevant. I etterkant ser vi at vi må jobbe vidare med kva vi skal formidle i BAPS, og kva vi skal formidle i dei etatsspesifikke talegruppene.  Eit av måla vidare blir å halde fram med mindre samhandlingsøvingar med jamne mellomrom, med trippelvarsling og bruk av felles talegrupper i utrykningsfasen, opplyser Lund.

 

Etabler BAPS så tidleg som mogleg

Ove Stokkeland er varabrannsjef i Skien kommune.

-Øvinga var i alle hovudtrekk bra med tanke på det sambandsmessige. Det vi kunne ynskje oss er at politiet er på hugget og får etablert BAPS så tidleg som mogleg for å få tidskritisk informasjon ut. På denne måten kan vi unngå at brann som ofte kjem fyrst til ulukkesstaden blir ståande å vente, seier Stokkeland.
 
Han synes også det var positivt at politiet tok inn dykkarane frå Røde kors slik at dei måtte gå over til Samvirke 1 som er ei nasjonal  talegruppe. Dette bør vurderast allereie i utalarmeringsfasen, meiner Stokkeland.

 

- Vi må også gjere vurderingar på kor mange talegrupper vi skal ha, då det kan vere vanskeleg for fagleiar brann å fylgje med på mange. Eit anna læringspunkt at ein ikkje gløymer å bruke BAPS til alle gruppene er framme. Dei som kjem fram gløymer å bruke BAPS til dei som framleis som er på veg, seier Stokkeland.

 

Nyttige erfaringar

Leif Røsholt er beredskapsleder ved Sykehuset Telemark. Han var ein del av spelstaben og fylgde loggen på AMK-sentralen.  

 

-Vi har fått ein klart betre lydkvalitet med krystallklar lyd og vesentleg betre dekning. God opplæring både hos AMK og ambulansepersonell gjev tryggleik i praksis. Vi ser verdien av å ha slike øvingar for å få testa oss før det skjer store hendingar. Talegruppene er ein vesentleg faktor som er viktig å ha øvd på. No ser vi berre fram til å ta Nødnett ordentleg i bruk, fortel Røssholt.