Nærmare 700 på årets Nødnettdagene

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Nærmare 700 på årets Nødnettdagene

Nødnettdagene 2016 blei avvikla 19. og 20. april med 683 deltakarar frå inn- og utland.
  • Standområdet på Nødnettdagene 2016

– Vi er svært nøgd med å ha samla eit veldig breitt spekter av deltakarar frå den norske naud- og beredskapsfamilien. Desse har vore på konferansen for å diskutere samverke og samhandling, samt vegen vidare for Nødnett, seier kommunikasjonsrådgjevar Morten Ellingsen i Direktoratet for nødkommunikasjon. 

19 ulike utstillarar har også delteke på konferansen. Dei har bidrege med sine produkt og utstillingar og har vore viktig for å skape liv og røre i pausane. Desse gjev såleis ein viktig meirverdi til konferansen. Leverandørane er viktige fordi dei gjennom dialog med brukarar gjer idear, utfordringar og erfaringar om til konkrete produkt som brukarar av Nødnett kan nytte godt av i kvardagen sin.

–  Breidda i deltakarar bidreg til at det blir lettare å nå målet om å bli Noregs viktigaste møtepunkt for utveksling av idear og erfaringar kring Nødnettarbeid. Innsatsen til foredragshaldarar, deltakarar og utstillarar gjer at vi kan nå dette målet, seier Ellingsen.

 

Vi har spurt nokre av deltakarane om kva slags erfaringar dei har gjort seg i løpet av Nødnettdagene.

  1. Kvifor deltek du på Nødnettdagene?
  2. Har det vore særskilte ting under årets konferanse som var nyttig og interessant for deg?
  3. Kvifor bør Nødnettdeltakarar delta på Nødnettdagene?

 Rune Dahl

Rune Dahl, tryggleiksleiar i Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE

  1. NVE er brukar av Nødnett. Å ta i bruk Nødnett er høgaktuelt for heile elforsyningsbransjen, difor vil vi vite kva som skjer og treffe andre brukarar i Nødnettfamilien.
  2. Eg synes det meste har vore veldig interessant. Det er bra at det har vore fokus på nye brukarar fordi samverke er så viktig. Vi er veldig interessert i korleis vi kan få til dette på best mogleg måte på tvers av etatar og bransjar. Eg registrerar også at andre mange andre aktørar har enno større behov for å samverke med oss ved eventuelle straumutfall. Då treng dei å vite når straumen kjem tilbake og korleis dei kan handtere ein slik naudsituasjon best mogleg.
  3. For vår bransje er det viktig å delta fordi vi ynskje å fylgje med på kva som er nytt og kva som er dei siste trendane innan Nødnett. Her på konferansen får du det store biletet, samstundes som du treff andre bransjar og andre samverkeaktørar.

Hege Peter og Kjersti Mortensen

Hege Peter og Kjersti Mortensen i Allegra

  1. Vi er her for å vise fram nye Nødnett-headsett og kome i kontakt med nye kundar og dei kundane vi allereie har. Vi har mellom anna rammeavtale med politiet, og det er særskilt viktig for oss å kome i kontakt med desse.
  2. Vi synes at foredraga om kontrollrom var av stor interesse for oss. Det har også vore stor pågang på standen vår, og det synes vi er svært gledeleg.
  3. Det er viktig å delta på konferansen for å få med seg utstillerane sine produkt. For oss utstillarar er det mange potensielle kundar er her, i tillegg til interessante foredrag, nyheiter og produkt.

Runar Korneliussen

Runar Korneliussen, teknikar i 110 Finnmark

  1. Eg deltek for å vere oppdatert på siste nytt innanfor Nødnett og halde meg oppdatert på kva nye løysingar som har kome. I tillegg set eg pris på det faglege og kunne snakke med andre brukarar både i brann og andre etatar.
  2. Det er mange presentasjonar som har vore er interessante, men sjølv synes eg ein får mest att ved å prate med folk i pausane og under middagen. Her treff ein mange som er erfarne Nødnettbrukarar og som har løysingar på utfordringar. Innimellom foredraga har eg fått gode tips til løysingar på utfordringar vi sjølv står overfor.
  3. Her bør ein delta fyrst og fremst for å sjå kva løysingar som finnast i marknaden. Ein kan prate med produsentar, leverandørar og brukarar av løysingar. Vi i Finnmark var dei siste som tok i bruk, og her på konferansen kan vi dra veksel på andre som har brukt Nødnett i fleire år.

Agnes Ericzson

Agnes Ericzson, enhetschef utveckling och förvaltning, RAKEL och ledningssystem

  1. Eg er her fordi de i Nødnett har dei same utfordringane som vi i RAKEL når det gjeld robustheit. Samstundes må ein fundere på kva datatenester som er nyttige for framtida. I mi rolle som sjef for utviklinga i RAKEL er også nettverking viktig for å besøke eit slikt arrangement.
  2. Eg synes at foredraga om utviklinga i England samanlikna med den i Nederland var veldig spennande. Det var også imponerande å høyre Telenor snakke om sine avgjerder for å auke robustheita og kor mykje dei investerer for å betre denne. Det var også særleg interessant å høyre om militært og sivilt samarbeid.
  3. Konferansen er særskilt bra for å få informasjon og ny kunnskap om Nødnett og tilsvarande løysingar og utvikling i andre land. I pausane er det gode nettverksmoglegheiter og opplegg for å få tid til mingling.

Terje Erstad

Terje Erstad, beredskapsleiar i Hydro aluminium Sunndal.

  1. Eg er her for å få erfaring med korleis andre instansar brukar Nødnett. Ikkje minst er det nyttig å sjå korleis vi kan utvikle dette vidare for vårt eige behov innan industrivernet, og betre kommunikasjonen mot andre naudetatar. Det er viktig den dagen ein sjølv står oppe i ein alvorleg situasjon.
  2. Her er det mange leverandørar som kan fortelje om dei produkta dei har og ikkje minst nyttig tilbehøyr, koding av terminalar og korleis vi kan utvikle dette etter kvart.
  3. Her får ein mykje informasjon om erfaringane frå andre som brukar Nødnett. Ein blir også presentert for kva moglegheiter framtida vil gje.