No kjem fyrste fase med Nødnett i SVV

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

No kjem fyrste fase med Nødnett i Statens vegvesen

I fyrste omgang er det på kritiske fjellovergangar og i beredskapsarbeidet Vegvesenet tek Nødnett i bruk.
  • Vegvesenet er klare til å ta i bruk nødnett ved ekstremver, flaum, ras og ulukker. Foto: DNK

  • Verdas lengste vegtunnel med Nødnett ligg i Sogn og Fjordane fylke mellom Aurland og Lærdal. Fotograf: Christian Blom/DNK

Statens Vegvesen skal no ta i bruk Nødnett på kritiske fjellovergangar. Tidlegare har vegdirektør Terje Moe Gustavsen bestemt at Nødnett skal brukast som samband i ulike beredskapssituasjonar for heile Statens vegvesen. Dette gjeld til dømes i situasjonar som ekstremver, flaum, ras og ulukker.

– Vi går derfor i gang med å organisere eit innføringsprosjekt med utlysing av rammeavtalar, opplæringsplan, innføring av sambandsreglement og oversikt over kontaktpersonar, såkalla «fleetmaps», fortel kontorleder Bjørn Vidar Saltrø i Vegdirektoratet som har leia førebuingane.

Ei eiga arbeidsgruppe med ein rekkje representantar frå alle regionar i Vegvesenet har gjennom hausten og vinteren sett på moglegheita for å innføre Nødnett i etaten.

–  Nødnett er ei viktig løysing, og vi håper den fyrste fasen kan gje oss ein bra start med eit nytt og viktig verkty, seier Saltrø.

 

Mange potensielle bruksområde

I dag brukar Vegvesenet mange ulike og lokalt tilpassa sambandsløysingar rundt om i landet.
– I arbeidsgruppa trur vi at ei innføring av Nødnett kan gje mange positive effektar for etaten vår. Det kan vere med på å gje auka tryggleik for personell, betre tilgjengelegheit og talekvalitet på radiosambandet. Samstundes ser vi for oss at vi kan få ein meir effektiv kommunikasjon med samarbeidspartnarar som naudetatar. På sikt vil dette kunne gje ein enklare kvardag for tilsette i Statens vegvesen og dermed betre tenestar til publikum, meiner Saltrø.

 

Vil dokumentere erfaringar

Innføring av Nødnett må skje i tråd med dei krava som Direktoratet for nødkommunikasjon har sett som ein føresetnad for å kunne nytte Nødnett, med blant anna krav til opplæring av dei personane som skal nytte det.

– For oss blir det interessant å få dokumentert dei erfaringane vi kan få frå den fyrste fasen og la desse danne grunnlaget for vidare handsaming og ein mogleg utvida bruk av Nødnett i organisasjonen vår. 

Arbeidsgruppa har gjort eit godt arbeid og kome med mange gode og praktiske innspel undervegs.

– Det har vore eit veldig positivt samarbeid der potensielle brukarar og operative som har vore styrande og førande for kva vi skulle kome fram til, og i kva slags omfang Nødnett skal innførast. Nødnett er eit nytt verkty med mange moglegheiter og funksjonar som tilsette i Vegvesenet treng i sitt daglege arbeid.