Nødnett er viktig for kommunal beredskap

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Nødnett er viktig for kommunal beredskap

I dag var det ein merkedag for Nødnett. Aurskog-Høland kommune markerte at dei har tatt i bruk det nye sambandet for fleire av sine kommunale tenester.
  • Prosjektleiar Dagfinn Lunner og ordførar Jan Mærli

  • Ann-Cathrin Balterud-Antonsen og Siw Heggevik Lund frå Aurskog-Høland kommune

  • Dagfinn Lunner, Helen Knutsen, Nina Myren, Lars-Otto Laukvik, Siw Heggevik Lund, Jan Mærli og Ann-Cathrin Balterud-Antonsen

  • Politiets utlendingsenhet har kontroll i Aurskog-Høland

Eldsjel og prosjektleiar for innføring Dagfinn Lunner omtala det som «brei bruk» av Nødnett, og det er noko vi kjem til å sjå meir av framover. Aurskog-Høland er den største kommunen arealmessig i Akershus fylke, og den har fleire områder med svak og ikkje-eksisterande mobildekning. Ordførar Jan Mærli bur sjølv på ein stad i kommunen utan mobildekning, og gjennomførte i dag fleire suksessfulle oppkall over det nye sambandet frå sin eigen terrasse. 

 

Utan mobildekning og fasttelefon

Ved fleire anledningar, til dømes ved orkanen Dagmar i 2013, så har òg fasttelefonen og straumen falt ut. Ved ei tilfeldigheit kom det ein brannkonstabel inn på rådhuset under orkanen, og ordførar Mærli med fleire fikk då sjå at Nødnett fungerte medan dei andre kommunikasjonstenestene var nede. Kommunen bestemte seg då for å sende eit brev til Direktoratet for nødkommunikasjon, og forhøyre seg om muligheitene til å bruke Nødnett til fleire av sine kommunale tenester. DNK var positive, og eit pilotprosjekt vart sett i gong. Helsetenestene i Aurskog-Høland var allereie i ein dialog med Helsedirektoratet om å prøve Nødnett, og prosjekta vart slått saman til eitt. I dag er heimetenesta, heimesjukepleia, utekontakten, e-verket og andre tekniske tenester på Nødnett i kommunen. I tillegg er ordførar og rådmann brukarar for kriseleiinga. Totalt er det 40 terminalar fordelt på fleire brukarar. «Blålys-etatane» i området er allereie brukarar.

 

Nødnett i dagleg drift

– Eg må inn på soverommet for å ha mobildekning i heimen min, fortel Ann-Cathrin Balterud-Antonsen frå heimetenesta i kommunen. Manglande mobildekning har ført til fleire utfordringar for helsetenestene. Det er til dømes problematisk dersom det oppstår utfordrande situasjonar innan rus og psykiatri. Helsetenestene har difor gått heilt bort frå å bruke mobiltelefon og fasttelefon, til å utelukkande bruke Nødnett. Det har blitt ein del av den daglege drifta. – Av og til er hjelpepleiarane heile sju-åtte mil frå kvarandre, og då er det viktig å ha ein rask og stabil kommunikasjonskanal, forklarar Balterud-Antonsen. Ho framhevar òg den raude naudknappen på terminalen som god og ha i tilfelle det oppstår ein krisesituasjon. Då koplar ein seg opp til 110-sentralen direkte.

 

Fleire kommunar brukar Nødnett i beredskap

Stavanger, Sola, Sandnes, Randaberg og Kongsvinger kommune gjer som Aurskog-Høland, og skaffar seg Nødnett-terminalar som skal brukast til kommunal kriseleiing. Dei implementerar desse i haust. Fleire av dei har òg signalisert at dei vurderer fleire bruksområdet for sambandet, som til dømes i heimesjukepleien. 

 

Utlendingsenheten gir tommel opp

På veg heim frå Aurskog-Høland møtte vi på ei patrulje frå Politiets utlendingsenhet i vegkanten. Innsatsleiar Morten Rishoff kunne fortelje at dei såg etter ulovleg grensepassering og smuglarvarer. Han hadde god dekning på sambandet, og gav det ein tommel opp.