Nødnett i heile landet innan 2015

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Nødnett i heile landet innan 2015

Stortinget vedtok landsdekkande utbygging i juni 2011, og nettet skal vere bygd ut og tatt i bruk i heile landet innen utgangen av 2015. Tidsplanen er krevande, men det er i dag ingenting som tyder på at vi ikkje skal nå dette målet, seier direktør Tor Helge Lyngstøl.
  • Basestasjon. Foto: DNK

Bygginga av basestasjonar pågår for fullt, og leverandøren Motorola Solutions er i desse dagar i ferd med å inngå avtale med samarbeidspartnarar i heile landet for å sikre raskast muleg utbygging.

Nødnett er allereie i bruk i det område av Norge der det bur flest folk, og dei som brukar nettet skal kunne stole på at systemet virkar godt kvar dag.

DNK eig Nødnett og har ansvar for drift og vidareutvikling, og den daglege drifta er sett bort til Motorola Solutions.

DNK har definert tre hovedmål for dei neste fire åra:

- Nød- og beredskapsbrukere skal oppleve Nødnett som effektivt, sikkert og robust

- Nødnett skal byggast ut og takast i bruk i heile landet innan utgangen av 2015

- Samfunnet skal få mest muleg nytte av investeringa i Nødnett og tilhøyrande kompetanse

Målet om at Nødnett skal vere landsdekkande innan 2015 er svært viktig, og arbeidet i DNK er organisert slik at dei som har ansvar for utbyggingsprosjektet i minst muleg grad skal blir forstyrra av aktivitetar som er knytt til nødnett i bruk.

Dei som brukar Nødnett i sitt arbeid kvar dag er avhengig av at systemet virkar, og det er svært alvorleg dersom naudetatane ved kritiske hendingar opplever at det ikkje er tilfellet.

Difor seier Tor Helge Lyngstøl at det at Nødnett virkar der det er i bruk er det aller viktigaste målet.