Nødnett i tunnelar

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Eit løft for beredskapen

Det er mange som har stilt spørsmål om tunneldekning i Nødnett i samband med brannen i Gudvangatunnelen. Nødnett er enno ikkje bygd ut i fase 3, som omfattar dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Gudvangatunnelen er éin av 99 tunnelar som får Nødnett i dette området. Med Nødnett i 99 tunnelar blir det opplegg for nødkommunikasjon i dobbelt så mange tunneler som dei gamle sambanda har i dag.
  • Frå øving Tyr 2012. Foto: DNK/Hallvard Hatlestad

  • Frå øving Tyr 2012. Foto: DNK/Hallvard Hatlestad

– Nødnett aukar tryggleiken i Noreg, også i vegtunnelar, seier kommunikasjonsdirektør Cecilie B. Løken i Direktoratet for nødkommunikasjon. Då Nødnett-kontrakta blei inngått, blei det fastsett ei liste med tunnelar som skulle inngå i utbyggingsprosjektet. Men sidan den gong har mange nye tunnelar blitt lagt til i utbyggingsplanane. Se oversikt over tunneler.

 

Fleire fortrinn 

I tillegg til bygging av dedikert dekning i tunnelar, har teknologien i Nødnett fortrinn som dei gamle sambandsløysingane ikkje har. Nødnett gjer det mogleg for nødetatane å plassere køyretøy med ein spesialradio (gateway) i tunnelopninga og slik forlenge dekninga innover i tunnelen. Det går òg an å bruke radioane i direktemodus, slik at mannskap kan tale seg imellom som med ein walkietalkie.

– Gateway-radioar vil i mange tilfelle vere ei god løysing, seier Løken. Ho legg til at kortare tunnelar òg kan få såkalla tilfeldig dekning, altså at signala frå Nødnett kjem inn i tunnelen utanfrå.Nødnett er dessutan overvaka året rundt, slik at eventuelle utfall raskt blir oppdaga og fiksa. Dette er ein ekstra tryggleik Nødnett gir.

 

Opphavelege krav

Då Nødnett-kontrakten blei skriven under i 2006 var kriteria for å etablere dekning i tunnelar at vegtunnelen alleiere hadde analogt samband, eller at tunnelen var over 500 meter lang og at fleire enn 5 000 kjøretøy passerte per døgn per år (ÅDT).Sidan 2006 har det vore dialog mellom Direktoratet for nødkommunikasjon og Statens vegvesen om Nødnett-dekning i nye tunnelar og tunnelar som ikkje møtte dei opphavlege kriteria . Så langt har dette resultert i at meir enn 100 tunnelar har kome til på lista.  Per 1.1.2014 er det planlagd Nødnett-dekning i 292 norske vegtunnelar.

 

Byggjer i tråd med føresetnadane

Direktoratet for nødkommunikasjon skal sørgje for at Nødnett blir levert i samsvar med kontrakten, og vi er i ferd med å byggje eit godt Nødnett i tråd med krava frå nødetatane og rammene frå Stortinget. I oppdraget er det tydeleg definert kva tunnelar som blir finansierert innanfor kostnadsramma for Nødnett-prosjektet.