Oppslag i VG og Computerworld

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Oppslag i VG og Computerworld

Dei siste dagane har det vore fleire oppslag i Computerworld. Eitt av desse er òg publisert på VG Nett. Justisdepartementet gir si fulle støtte til arbeidet med Nødnett.
  • Dekningsmåling Foto:DNK

Kapasitet og radiodekning

 
Dekning og kapasitet i Nødnett er to vidt forskjellige ting, som til tider blandast saman i ordskiftet og medieomtalen av Nødnett-prosjektet. Det er også tilfellet i nokre av Computerworld sine artiklar.
 
Kapasitet var mellom anna tema i etterkant av nødetatane si øving ved Ila fengsel. Vi har omtalt spørsmålet her
 
Radiodekninga har også vore gjenstand for debatt i det siste. Her finn du ei kort innføring om radiodekninga i Nødnett på nettsidene våre


Teknologival


Nødnett sitt val av teknologi er også kritisert i Computerworld, særskild på debattplass. DNK har gitt eit tilsvar til ein kronikk av IKT Norges generalsekretær, Per Morten Hoff. Svaret finn du her: «Feil på feil fra Per Morten Hoff»
 
DNK skreiv òg eit innlegg i Computerworld i høve dei første oppslaga i avisa om Nødnett og valet av TETRA som teknologi: «Nødnett - sikker kommunikasjon når det gjelder»

Tilsvar frå departementet

I dag er statssekretær Pål K. Lønseth i Justis- og beredskapsdepartementet intervjua av Computerworld. Han seier der at departementet finn ingen grunn til å tvile på Tetra eller Nødnett-prosjektet.
 
- Nødnett-prosjektet har vore gjenstand for brei debatt i meir enn ti år, og kanskje nettopp derfor er det få andre prosjekt som har blitt tilsvarande utgreidd og evaluert både før og under gjennomføringa. Riksrevisjonen har også følgd prosjektet i mange år med årlege revisjonar, seier Lønseth til Computerworld.
 

Fornøgde brukarar


Ifølgje statssekretæren er moglegheita til avlyttingssikra tale ein av hovudgevinstane for brukarane av Nødnett, også på tvers av etatsgrenser.
- Dei større, systematiske evalueringane der mange brukarar involverast, dokumenterer at brukarane i det store er fornøgde, seier statssekretæren til Computerworld.
 
Heile intervjuet finn du på Computerworld si nettutgåve: http://www.idg.no/computerworld/article248010.ece