Statsråden fekk demonstrasjon av Nødnett

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Statsråden fekk demonstrasjon av Nødnett

Justisministeren besøkte DNK tysdag denne veka. Anders Anundsen hadde sjølv teke initiativ til å få ein demonstrasjon av Nødnett i praksis.
  • En interessert statsråd følger med på demonstrasjonen. Foto: Helena Sæter.

Statsråden fekk ein demonstrasjon av Nødnett og ulike typar radioterminalar, og ulike funksjonar som talegruppe, direktemodus, gateway, direkteoppkall til ein annan TETRA-radio, samt direkteoppkall til og frå mobiltelefon. I tillegg fekk han sjå korleis ein kan sperre og deaktivere radioar dersom desse til dømes blir stolne, og korleis eit kontrollrom for ein 110-sentral ser ut.

 

-Det er spennande å sjå dei moglegheitene som føreligg gjennom Nødnett. Dette gjer oss betre rusta til å handtere alvorlege hendingar. Det er viktig at så mange som mogleg får tilgang til Nødnett raskast mogleg, sa justis- og beredskapsminister Anders Anundsen etter demonstrasjonen.