Stor Nødnett-bruk under beredskapsøving

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Stor Nødnett-bruk under beredskapsøving

I dag avsluttast øving Tyr, ei nasjonal krisehandsamingsøving i regi av politiet. Direktoratet for nødkommunikasjon har overvaka bruken av Nødnett under øvinga, som vart gjennomført i Romerike og Oslo politidistrikt.
  • Fra øvelse Tyr. Foto: Hallvard Hatlestad

  • Fra øvelse Tyr. Foto: Hallvard Hatlestad

Mange beredskapsbrukarar har brukt Nødnett i øvingssituasjon dei siste dagane. Frå Gardermoen til Oslo har nødsambandet vore eit viktig verktøy for personell som har øvd seg på å kjempe mot alvorleg kriminalitet og terror.

Når øving Tyr no avsluttast gjer DNK seg klare til å analysere bruken av Nødnett, og saman med nødetatane evaluere korleis sambandsbruken har fungert.

Ei slik øving gir verdifull informasjon med tanke på kapasitet i Nødnett, og korleis ein best skal leggje opp til bruk av sambandet.

I det store viser trafikkdata at kapasiteten i Nødnett har vore god nok, men der var eit område der nettet retteleg fekk prøvd seg ein periode.

Stor trafikk over vanlege basestasjonar

Torsdag ettermiddag var det mange terminalar og talegrupper som kopla seg opp mot basestasjonane på Åråsen og Skjetten, i Lillestrøm-området. Desse basestasjonane har to baseradioar kvar, noko som er minimumskapasiteten Nødnett vert bygd med. Det er samstundes den kapasiteten som vil vere vanlegast i nettet rundt om i landet.

DNK si overvaking av trafikken i samband med øvinga viste at kapasitetsbruken på Åråsen og på Skjetten tidvis var oppe i 100 prosent. Meir enn 20 talegrupper og meir enn 120 terminalar kopla seg opp mot kvar av desse basestasjonane, og analyseverktøya viste at det var ein del opptekne samtalar på enkelte tidspunkt.

Det kan bety at mange samstundes trykker for å snakke eller at det vert lytta på talegrupper som ikkje nødvendigvis var i bruk på staden, men det vert like fullt registrert som ein oppteken samtale.

Det var hovudsakeleg politiet som brukte Nødnett i Lillestrøm-området. Ifølgje Politiets data- og materielltjeneste (PDMT) hadde dei torsdag fått melding frå politibrukarane om at det var mange opptekne samtaler i området mellom 17.00 og 17.30.

Også på Gardermoen var det stor aktivitet knytt til øving Tyr, men det har ikkje vore utfordringar knytt til kapasiteten. DNK har derimot registrert at der kan vere interferens på innandørsanlegget på Oslo Lufthavn Gardermoen, og det er noko vi vil sjå nærare på når øvinga no er avslutta.