Transportkomiteen nøgd med nødnettsvar

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Transportkomiteen nøgd med nødnettsvar

(NPK-NTB): Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) informerte torsdag om helikopterulykka på Sollihøgda for Stortingets transport- og kommunikasjonskomité. – Vi fekk gode svar, seier komitéleiar Linda C. Hofset Helleland (H).
  • Foto: XtravaganT

Helleland seier komiteen er nøgd med svara frå direktoratet om nødnettutbygginga.

– V i fekk bekrefta at dei held framdrifta og at eit landsdekkjande Nødnett vil vere på plass innan 2015. Eg synest vi fekk veldig grundig og god informasjon om korleis dei skal få til eit effektivt, sikkert og robust nødnett innan den tid, seier Helleland.

Utfordringane knytt til kommunikasjon i område der to samband møtast var blant temaa komiteen fekk kasta lys over under møtet med direktoratet torsdag.

 

Helikopterstyrten, der to tilsette i luftambulansen omkom tysdag, skjedde i eit område der gammalt og nytt nødnett møtast. Politiet i Nordre Buskerud klarte ikkje å få kontakt med helikopteret via sitt gamle analoge nødnett for å åtvare helikopterpiloten mot dei snødekte kraftleidningane på staden.

 

– Vi hadde ein open og god dialog om ulykka. Direktoratsleiinga var klare på at desse grenseområda er utfordrande, og greidde ut for korleis tryggleiken er vareteken ved kompenserande tiltak som ekstra radiosendarar og telefonar. Eg vil også understreke at dei på ingen måte peika dette ut som ei mogleg årsak til ulykka. Vi har alle respekt for den jobben politiet og havarikommisjonen no skal gjere, og ventar på konklusjonen dei kjem med om kva som faktisk forårsaka ulykka, seier Helleland til NTB.

 

(©NPK)