Viktig erfaring frå øving

Denne nettsiden benytter seg av cookies. Finn mer informasjon her.

Viktig erfaring frå øving

VG omtaler problem med Nødnett under ei kriseøving ved Ila landsfengsel. DNK har sett på trafikken under øvinga. - Radiodekninga på staden var god, men høg bruk skapte kapasitetsproblem, seier evaluerings- og analyseansvarleg Marianne Storrøsten.
  • Sjef for Strategi- og analysestaben, Nina Myren Foto: DNK

VG omtaler ei øving ved Ila fengsel i mars, der kapasiteten i Nødnett er tema. DNK gjer i artikkelen greie for at basestasjonen allereie er planlagt oppgradert frå éin til to baseradioar komande sommar. Det gjeld òg fleire andre basestasjonar frå utbyggjinga av Nødnett på det sentrale Austlandet.
I Oslo var oppgraderinga gjennomført før terroranslaget 22. juli, og basestasjonane der takla svært høg belasting.

Teknologien fungerte

DNK har sett på trafikken under øvinga på Ila, der mellom anna naudetater frå Oslo og Akershus deltok. Evaluerings- og analyseansvarleg Marianne Storrøsten ved DNK seier at data frå øvinga viser at talegrupper som ikkje var knytt til øvinga, tok opp kapasitet slik at det vart sambandsproblemer på øvingsstaden.
- Radiodekninga på staden var god, men høg bruk skapte kapasitetsproblem, seier Storrøsten. På generell basis oppmodar ho naudetatane om å prioritere eigen bruk og vurdere kva talegrupper som er naudsynte ved store hendingar og øvingar.


DNK bør varslast

Sjef for Strategi- og analysestaben, Nina Myren, seier at DNK vil ta initiativ til ein gjennomgang av øvinga med naudetatane. Ho er klar på at DNK bør varslast før planlagte øvingar og ved store, planlagde hendingar.
- Då kan vi følgje med på kapasitetsbruken og i samråd med etatane setje i verk tiltak om det er behov, seier Myren.
Ho viser til døme som å styrkje nettet i forkant av besøk frå utanlandske statsleiarar, eller å få kjennskap til deknings-/kapasitetsproblem, slik at tiltak kan setjast inn.

Vil tene naudetatane 

 
Ifølgje Myren vil naudetatane tene på at DNK kjenner til planlagde øvingar.
- DNK kan også gi råd slik at etatane får trent godt på bruken av Nødnett ved spesielt omfattande kommunikasjonsbehov, seier ho.
Det er uklart om bruken av samband var tema for øvinga ved Ila.
- Nettet er nytt. Øving på samband bør vere ein sentral del og eige fokusområde ved alle øvingar, seier Myren.
Ho strekar under at det er viktig å øve på bruken av sambandet og innarbeide rutinar i høve stressa situasjonar.

Øv på sambandsreglementet


Ifølgje VG vart brannsjefen i Asker og Bærum brannvesen etter øvinga gjort kjend med at nettverksbelastinga kunne ha vore redusert om til dømes inaktive sambandseiningar hadde vorte slått av.
Til VG seier brannsjefen at ho er overraska over at det er viktige sider ved nettet som dei som brukarar ikkje har vore klar over.


Myren viser til det felles sambandsreglementet for dei tre blålysetatane.
Der står det mellom anna at «bruk av digitalt samband stiller store krav til brukeren, i korrekt bruk, skjøtsel og kunnskaper. Gjennom utnyttelse av mulighetene sambandet gir, ivaretas nødvendig egensikkerhet for mannskapene.»
- Det er viktig å øve på sambandsreglementet og gjere justeringar om det viser seg naudsynt, seier Myren.