Korleis er innandørsdekninga i Nødnett?
I tillegg til god utandørsdekning, som ligg til grunn for utbygginga av Nødnett, er signalstyrka i byar og tettstader forsterka for å auke sannsynlegheita for god innandørsdekning.
Det er òg større feltstyrke innanfor ein radius av 5 kilometer rundt brannstasjonar.
Garanti for innandørsdekning alle stader er ikkje mogleg, så trass i desse tiltaka vil brukarar av Nødnett kunne oppleve at ein inne i m.a. tung bygningsmasse og underjordiske anlegg ikkje vil ha dekning. Nokre stader blir det gjort spesielle tilpassingar i form av innandørsanlegg, og det er peika ut prioriterte objekt, t.d.: AMK-sentralar, akuttmottak, legevaktsentralar, politistasjonar og brannstasjonar.